Delsum:
    Faktura:
    Frakt og ekspedisjon:
    Ekspedisjonsgebyr:
    Levering kostnad:
    Rabatt
    Moms:
    Totalsum:

    På stand for Senterpartiet

    I år har me, i samarbeid med Flisa Trykkeri AS og IDÉ House of Brands, utvikla nytt standutstyr. Noko kjenner du nok att, medan noko er heilt nytt. Men den felles tanken bak er å føre fokuset til det nære.

    Merk: Du må vere innlogga med tilsendt lokallagsleiar- eller fylkeskonto for å få tilgang til å tinge standutstyr og trykksaker.

    Telt
    Telt er det mange som har frå før, så det blir i år høve til å enkelt kjøpe nytt sett med dukar for dei som vil det. Dei nye dukane følgjer den nye profilen, og har eit stort bilete frå ditt fylke i fokus. Desse bileta har me ikkje klare heilt enno, men me jobbar med saka.


    Vegskilt
    Vegskiltet er eit heilt nytt produkt laga spesielt for oss i Senterpartiet. Av trevirke frå Solør får du ein samanleggbar stolpe med sju vegskilt du kan feste på. Dei sju standardskilta, som er tilgjengeleg på båe målformar, er:

    • Senterpartiet-logo
    • Nær folk
    • Heile Noreg
    • Norsk mat
    • Nei til EU
    • Tryggleik
    • Norske arbeidsplassar

    Det er òg høve til å kjøpe ekstraskilt med eigne slagord så du kan byte ut eitt eller fleire av standardskilta.

    Alt saman får plass i ein multibag du kan kjøpe i tillegg. Om du vel å kjøpe messedisken vil skiltet få plass oppi den òg. Så anten om du vel messediskkoffert eller multibag er det enkelt å frakte skiltet med seg.


    Kløverstubbe
    For å understreke nærleiken til natur og skog, og for å kunne sette seg ned å ta ein kaffikopp på stand, så har me lagt inn såkalla «kløverstubbar» i årets sortiment. Kubbane i seg sjølv er tenkt at de må kappe til sjølv, helst av lokalt tømmer, også klistrer dykk på ein kløver som de får kjøpt i nettbutikken. Stubbane er enkle å ta med seg, og om du vil gjere dei enno lettare kan du hole dei ut frå undersida.


    Messevegg og rullebanner
    Det er òg høve til å bestille messevegg (inkl. liten messedisk) og rullebanner for dei som ønskjer det. Rullebanneret blir utforma med same bilete som på teltet, altså eige bilete frå ditt fylke, medan messeveggen har ei enklare utforming.


    Ønskjer om eige design, eller anna utstyr?
    Det kan tenkast at det er andre gode idear der ute i laga. Så ta kontakt med Flisa trykkeri om du har idear om anna utforming av rullebanner e.l., ønskjer om anna type standutstyr, eller har andre spørsmål og ønskjer. Dei har god kompetanse på området, og vil gi deg og fylkes- eller lokallaget ditt den hjelpa de treng for å vere best mogleg rusta til valkamp!
     

    Kontaktinformasjon Flisa Trykkeri AS
        Per-Otto Sletten
        Flisa Trykkeri AS
        Epost: per.otto@flisatrykkeri.no
        Tlf: 41 62 48 87